Reiselivet er ved eit vegskilje. Skal vi sikre jobbvekst og inntekter må vi førebu oss godt og rigge oss for framtida.

17. Apr 2020

Reiselivs-sesongen 2020 skulle ha vore i full gang. Cruiseskipa skulle ha segla inn fjorden og regionen vår skulle ha vore som  ei «myldrande maurtue». For fjord-kommunane viser situasjonen no at reiselivet er ei langsiktig inntektskjelde og ein jobbskapar som berre vert viktigare og viktigare. Vi hadde eit strålande år i 2019 med titusenvis av fornøgde gjestar og med ei sesongutviding  haust og vår på  ca. 30 %. Dyktige medarbeidarar, leverandørar og produsentar, guidar og andre næringsdrivande bidrog kvar på sin måte til at gjestane fekk ei god oppleving.  Cruisetrafikken spelar ei nøkkelrolle for å sikre arbeidsplassar og lokal verdiskaping,  langt utover vårt område. Det er grunn til å tru at tapet for cruisesensitive bedrifter i vår region vil vere minst ein ½ milliard norske kroner i 2020.

Vi er optimistiske og trur reiselivsnæringa vil vise konkurransekraft og stor vilje til omstilling, men vi må ha solide nasjonale ordningar som bidreg til at vi kjem oss over denne krisa. Etter kvart vil vi få ei normalisering av kvardagen og då skal Stranda kommune vere godt rigga.  Nettopp difor må vi bruke denne tida til å arbeide målretta, nøye og konkret med korleis vi kan sikre berekrafta i næringslivet i kommunen i den tøffe tida som no kjem. Vi skal styrke  posisjonen vår som reisemål, der cruisetrafikken fortsatt skal vere ein del av reiselivet i Stranda kommune – også etter 2025.  Stranda hamnevesen skal ilag med både nasjonale mynde, kommunen, fylket og andre, bidra til at kvalitet, produkt og service er på plass den dagen vi kan ynskje gjestane våre velkomne.

Det er ingen tvil - vi står ved eit vegskilje. Korona pandemien er ulikt alt anna, heilt utanfor vår kontroll og ein situasjon som vil skrive seg inn i historiebøkene. Det vil vere enorme verknader både nasjonalt og internasjonalt - vi vil oppleve nedgang i etterspørsel og bestillingar, auka arbeidsløyse og ei svekka krone.  Vi bur i eit solid land med økonomiske musklar, kompetanse og eit godt sikkerheitsnett, men mange bedrifter vil etter kvart slite med likviditet, gjeld, lav eigenkapital og ein nedgang  i produksjon. 

For reiselivet er dette vår tid si mest alvorlege utfordring og fram mot 2030 må nasjonen skape fleire hundre tusen nye arbeidsplassar og nye inntektsstraumar til fellesskapet for å dekke inn nedgangen på andre område og reiselivsnæringa er ei av dei viktigaste framtidsnæringane. For Stranda kommune er reiselivet  heilt avgjerande og står for store direkte inntekter og mange lokale jobbar.  I Stranda hamnevesen får vi eit enormt inntektstap i 2020 og mest truleg reduserte inntekter i 2021. Vi vil at kommunen og regionen vår skal vere ein god stad for eit aktivt reiseliv, så spørsmålet er korleis vi kjem oss dit etter denne krisa ? Korleis hindrar vi langvarige skadeverknader ?  Debatten har fram til no vore fylt av ulike forslag og krav, og den einaste måten vi kan lukkast på  er ein felles strategi der nasjonale mynde, næringa og kommunen trekk i ei felles retning.

Vi er naturleg nok mest opptekne av det vi har direkte innverknad på og arbeider med konkrete og framtidsretta oppgåver:

«Blå korridor for grønt skifte»

Vi deler målet om å redusere både helse- og miljøskadeleg luftureining og ambisjonen om å redusere, og på sikt fjerne utslepp av CO2 frå skipsfarten. Vi opplever likevel at Stortinget har gjort vedtak, som dersom det vert ståande utan avbøtande tiltak, vil skape store utfordringar. I verste fall full stopp i cruisetrafikken til verdsarvområdet frå 2025. Vi må arbeid for at det vert etablert ein avgrensa «blå korridor» i ytterkant av verdsarvfjorden inn til Hellesylt, som ligg utanfor verdsarvområdet.

Hellesylt og Stranda

Stranda Kommune har allereie investert betydeleg i ei funksjonell cruisekai i Hellesylt, utanfor verdsarvgrensa. Stranda Kommune og Stranda hamnevesen vil bidra til at det vert etablert ny kai og distribusjonshamn  i sentrum av Stranda, som også ligg utanfor verdsarvområdet. Kombinasjonen av Stranda og Hellesylt er svært god og vil gjere det muleg å få gode samanfallande løysningar, med kapasitet til å handtere ferdsel med nullutsleppsfartøy inn til Geiranger og andre destinasjonar.

Geiranger

Det hastar med å avklare områderegulering for sjø og land i Geiranger. Planen ligg no hjå fleire departement. Det må leggast til rette for nødvendig infrastruktur i Geiranger slik at ein i framtida, og etter 2025, kan ta i mot cruiseskip.

Energiberarar

Stranda hamnevesen har 1. april 2020 søkt ENOVA om støtte til forprosjekt infrastruktur for straum til opphald i hamna og lading. I tillegg kan ein bygge ein hydrogenhub på Hellesylt for å sikre ferdsel med nullutsleppsfartøy inn til verdsarvområdet. Her må ein ha ei avklaring som gjeld arealbruken. Teknologi kan løyse mykje, men vi må ha støtte frå nasjonale ordningar til utvikling av løysningar.

Nye forretningsmodellar og endringar i markedet -  «Det store bildet»

For å seie det som det er: det må løne seg å samarbeid om gode tiltak og løysningar.  Stranda hamnevesen KF har ilag med Stranda kommune teke ei tydeleg rolle i arbeidet med konsekvensutgreiing og løysningar. 

  1. Mulige handlingsrom for reiselivet i kommunen fram mot, og etter 2026
  2. Korleis ulike strategiske val i verdsarvområdet kan gje konsekvensar for næringslivet i regionen.
  3. Dette skal gjerast ved å skissere berekraftige verdikjeder på sjø og land, basert på ulike scenarier framover mot og etter 2026.

Ei viktig kartlegging vil vere å finne det optimale nivået på antal besøkande som sikrar både berekraft - og gjev ein samfunnsøkonomisk gevinst. Forprosjektet vert utforma slik at det kan vidareførast i eit hovedprosjekt.

Forskningsprosjekt SUSTRANS og ei vidareføring i «SmartFjord»

Forskningsprosjektet "Sustainable Transportation in Rural Tourism Pressure Areas" (SUSTRANS) skal bistå beslutningstakarar med å forbetre transportsystem i slike naturområder. Her vert Geirangerfjordområdet brukt som eit case studie og dette skal bidra med fakta for å kunne utvikle gode verktøy for igjen å kunne ta rette beslutningar. Eit vikig arbeid som må følgjast opp.

 

Sitat: The travel inspector, Odd Roar Lange

“Hvem som lykkes og hvem som mislykkes handler ikke om flaks eller uflaks. For dem som forbereder seg godt, har ting på stell, behandler medarbeiderne sine godt, og som er i god form, kommer til å lykkes. ”

Last ned dokument her