Erklæring om deltaking i regionalt partnarskap med mål om å utvikle fleire entreprenørar og vekstbedrifter

2. Jan 2020

Erklæring om deltaking i regionalt partnarskap med mål om å utvikle fleire
entreprenørar og vekstbedrifter

Stranda kommune stiller seg bak ambisjonane og planane om å utvikle eit sterkare regionalt partnarskap på tvers av kommunar og utviklingsaktørar som arbeider med entreprenørskap og vekstbedrifter på Sunnmøre.

Å vere ein del av et større og samarbeidande partnarskap meiner vi vil styrke moglegheitene for at vår region vil få fram fleire verksemder som lukkast. Det vil vere ein føremon både for å dele eigen kunnskap og for moglegheitene til å kunne få tilgang på naudsynt kompetanse i ulike utviklingsløp. Vårt lokale bidrag til det regionale partnarskapet vil vere: 

Høg kompetanse/spisskompetanse:

  • Næringsmiddelindustri
  • Reiseliv inkl. cruisetrafikk
  • Næringsutvikling i kombinasjon med vern (verdsarv, landskapsvern)
  • Utvikling av verdikjede for hydrogen basert på innestengd energi frå småkraftverk
  • Landbruk som grunnlag for både tradisjonell produksjon, lokalmat, reiseliv og landbruk i kombinasjon med vern (verdsarvlandbruk) 

Vi kan tilby samarbeidet infrastruktur gjennom kompetanse i kommuneadministrasjonen og dei kompetansemiljøa vi har innanfor vår kommune (t.d. Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Stranda Hamnevesen KF) og dei verksemdene som er representerte innafor nemnde kategoriar.

Sterke samarbeid vil være avgjerande for at heile regionen kan bli betre, og stå fram som meir attraktiv for dei som ønskjer å utvikle nye bedrifter eller sikre vekst i etablert næringsliv.
Link