Høyring farvassavgift 2020 Stranda kommune

17. Dec 2019

 Høyring av forskrift om farvassavgift for Stranda kommune sitt sjøområde for 2020

På vegne av Stranda kommune sender med dette Stranda hamnevesen KF på høyring utkast til forskrift om farvassavgift for Stranda kommune sitt sjøområde for 2020.

Farvassavgifta skal dekke kommunen sine kostnadar forbunde med utføring av oppgåvene nemnt i havne- og farvannsloven § 36 andre ledd. Utkast til forskrift får ein ved å at kontakt med Stranda Kommune/ Stranda hamnevesen KF.

Høyringsfristen vert sett til torsdag 30 januar 2020. Innspel til høyringa kan sendast til :

Stranda hamnevesen KF, Øyna 13, 6200 Stranda

eller per e-post til

post@stranda.kommune.no