Rekordlang sesong betre for miljøet.

28. Nov 2019

Rekordlang sesong betre for miljøet.

2019 vart ein rekordlang sesong for Stranda hamnevesen der trafikkauken har kome utanom dei mest hektiske vekene. Når vi utvidar sesongen frå april til oktober, reduserer vi belastninga på miljø og lokalsamfunn, samstundes som vi opprettheld verdiskapinga.

Neste år kjem det første LNG-drivne skipet, «Iona» til å kome i trafikk i Norge – og skal til Geiranger og Hellesylt.

2019 vart ein rekordlang sesong for Stranda hamnevesen der trafikkauken har kome utanom dei mest hektiske vekene. Hamnesjef i Stranda, Rita Berstad Maraak gler seg over sesongane no har blitt jamnare – Når vi utvidar sesongen frå april til oktober, reduserer vi belastninga på miljø og lokalsamfunn, samstundes som vi opprettheld verdiskapinga, seier Maraak.

I 2019 kom det ca. 70 cruiseskip med 217 anløp fordelt på Geiranger og Hellesylt. I følgje statistikk frå Stranda hamnevesen går heile 70 %, av ein total på 410 000 passasjerar, på land. – Vi er eit unikt reiselivsmål som gjer at reisande ikkje berre vil sjå, men også gå i land og oppleve fjordane og lokalsamfunna våre, seier Maraak.

Diskusjonen om miljøavtrykket frå cruiseturismen har vore sterk i 2019-sesongen. Maraak meiner at reiarlaga kan gjere meir for å få ned miljøbelastning medan myndigheitene må legge til rette for nødvendige energiberarar og eit godt virkemiddelapparat.

- Å gjere sesongen lengre og redusere toppane er det viktigaste vi kan gjere for å sikre god luftkvalitet og hindre trengsel. Samstundes trengs det framleis teknologiutvikling og vilje til å satse på ny miljøteknologi for skipsfarten, seier Maraak.

Ho gler seg over at det allereie i 2020 blir nye store steg i retning auka berekraft i cruisefarten. Neste år kjem det første LNG-drivne skipet til å kome i trafikk i Norge og i Geiranger/Hellesylt. Skipet brukar flytande naturgass som drivstoff. LNG reduserer utsleppa av NOx, svovel og partiklar med 90 – 100 % og kuttar også utsleppa av klimagassen CO2 med 25-30%.

-At MS «Iona» har valgt Geirangerfjorden i konkurranse med ei rekkje andre hamner er svært gledeleg. Det viser at det nyttar å satse på klima- og miljø, og at arbeidet vi har opp mot reiarlag og myndigheter nyttar, seier Maraak.

Samtidig syner 2019-sesongen at diskusjonen om miljøpåverkninga i Geirangerfjorden må ha eit breiare perspektiv enn berre skipsfart. Den landbaserte trafikken har auka kraftig, og bygda Geiranger har på mange måtar blitt ein gjennomfartsåre.

-Vi må forstå heilskapen i korleis transporten påverkar Geirangerfjorden. Det er årsaka til at vi har inngått eit samarbeid med NTNU i Ålesund og Universitetet i Bonn for å bruke kunstig intelligens og stordata til å analysere luftkvaliteten i Geiranger, seier Maraak,

2019-sesongen bidrog til store inntekter til næringslivet i regionen. – I følgje undersøkingane gjort av SUSTRANS ( 2018 ) brukar kvar reisande i Geirangerområdet mellom 650 og 1000 kroner kvar einaste dag. Dette er store summar og berre frå cruise betyr dette fleire titals millionar i inntekter, seier Maraak

Ho er godt nøgd med at tala også tyder på at dei tilreisande var nøgde med det dei opplevde i Geiranger og Hellesylt. Heile 90 % seier seg heilt eller delvis samde i at naturopplevingane er som forventa, og at dei vil tilrå destinasjonen til andre.

For ytterligare informasjon ta kontakt med Rita Berstad Maraak, telf. 46 41 11 13.

Download pressemelding