Stranda hamnevesen pressemelding sesongslutt 2018

26. Oct 2018

Stranda hamnevesen pressemelding sesongslutt 2018

PRESSEMELDING

Ein rekordlang sesong går mot slutten og med 7 % færre passasjerar i juni, juli og august.

Torsdag 25 oktober er siste dag med cruiseskipanløp til Geirangerfjorden. Sesongen har vore rekordlang med fyrste anløp allereie  3 mai  og siste anløp  25 oktober.

Mykje tydar på at om lag 70-80 % av dei totale 356 707 passasjerane gjekk i land på utflukter og liknande. Ca 40 % gjekk av eller på skipet på Hellesylt. Legg ein MENON sine tal i  rapport frå 19.10 2018 til grunn, gjev dette ei omsetning på mellom 250 og 280 millionar kroner.

Vi har ei svært medviten haldning til regulering av trafikk på sjø og til miljøutfordringane. I perioden  juni/juli /august 2018 har vi ein nedgang på heile 7 % noko som tilsvarar 19 090 færre passasjerar i forhold til same perioden i 2017. Dette syner at ein god dialog med kundar og eit målretta arbeid med sesongutviding, gjev resultat.

I år har 188 cruiseskip besøkt området fordelt på Geiranger og Hellesylt. Av totalen går 114 cruiseskip innom Hellesylt. Nytt i 2018 er at cruiseskip har overnatta både på Hellesylt og i Geiranger.  Ein registrerer at Hellesylt har eit stor potensiale, også  i kombinasjon med Stranda og Nordfjord.

Det er  flest tyskarar som reiser med cruiseskipa  til Geirangerfjorden - og med engelskmenn på ein god andre plass. Hurtigruten har i år hatt 92 anløp og sett i land 20 072 passasjerar. I juli 2018 hadde Geiranger og Hellesylt 26 dagar  med skip noko som tilsvarar 5 dagar med 0 anløp, 8 dagar med 1 anløp, 9 dagar med 2 anløp og 9 dagar med 3 anløp.  

I tillegg er det solid vekst på heile 14 %  i talet på skip som nyttar det flytande kaianlegget  SeaWalk. SeaWalk har vore ein suksess og vi har hatt konstant auke sidan anlegget sto klart i 2013 og ein registrer mindre bruk av tender-båtar. Dette er det beste miljøtiltaket vi har gjennomført hittil og det bidreg til ei betre oppleving både for kundane, dei fastbuande og for lokalt næringsliv.

Når det gjeld miljødebatten så er vår ambisjon klar – utsleppa skal ned, fjordane skal vere grøne og ein treng reguleringar som bidreg til skjerpa tiltak. Men i klima- og miljøpolitikk må måla henge saman med dei verkemidla vi har tilgjengeleg. Det er vanskelig å spå, særlig om framtida.  Dersom resultatet vert null cruiseskip i verdsarvfjordane etter 1.1 2026,  vil dette ha dramatiske konsekvensar for lokalsamfunna våre. Lat oss difor gå i dialog om korleis heve ambisjonsnivået, utan at resultatet vert krav som teknologien ikkje kan innfri, færre arbeidsplassar og mindre verdiskapning.

I 2019 startar sesongen allereie 1. mai med anløp av Celebrity Silhouette og vert avslutta med AIDAsol  20. oktober.

For ytterligare informasjon, ta kontakt med hamnesjef Rita Berstad Maraak, mobil  46411113 eller epost rima@stranda.hamnevesen.no