FØRESEGN OM BRUK AV OG ORDEN I HAMNER OG FARVATN I STRANDA HAMNEVESEN KF.
"FØRESEGN OM BRUK AV ORDEN" i PDF-Format 
|
INNHALDSLISTE
|
||
|
KAP.I - HAMNEDISTRIKTET OG HAMNEMYNDIGHETENE
|
||
|
§1-1
|
Virkeområde
|
|
|
§1-2
|
Stranda Hamnevesen KF
|
|
|
§1-3
|
Vedtak om bruk av sjø- og landområder
|
|
|
§1-4
|
Vilkår
|
|
|
§1-5
|
Unntak
|
|
|
§1-6
|
Delegasjon
|
|
|
§1-7
|
Kontroll av tryggleik
|
|
|
§1-8
|
Straff
|
|
|
KAP.II - FORTØYING, OPPHALD I HAMNA M.M.
|
||
|
§2-1
|
Fortøyning, oppankring m.m.
|
|
|
§2-2
|
Karantene m.m.
|
|
|
§2-3
|
Flytting av fartøy
|
|
|
§2-4
|
Assistanse av taubåt
|
|
|
§2-5
|
Bruk av propell og maskineri
|
|
|
§2-6
|
Dekking av utløpsopninger
|
|
|
§2-7
|
Røykutvikling
|
|
|
§2-8
|
Støyande arbeider og lignende
|
|
|
KAP. III - BRUK AV KOMMUNENS HAMNEAREAL OG HAMNEANLEGG
|
||
|
§3-1
|
Virkeområde og definisjon
|
|
|
§3-2
|
Tilgjenge til kommunens hamneareal og hamneanlegg
|
|
|
§3-4
|
Handel, fabrikkdrift, lagring og liknende
|
|
|
§3-5
|
Lossing, lasting og transport
|
|
|
§3-6
|
Tungt utstyr for godshandtering
|
|
|
§3-7
|
Frist for utføring av laste- og lossearbeid
|
|
|
§3-8
|
Lagring av losse- og lastemateriell
|
|
|
§3-9
|
Oppbevaring av varer og lignende
|
|
|
§3-10
|
Ut- og ompakking av varer
|
|
|
§3-11
|
Fjerning av avfall
|
|
|
§3-12
|
Fjerning av kjøyretøy
|
|
|
§3-13
|
Varsel om skade
|
|
|
KAP. IV - YMSE BESTEMMELSAR
|
||
|
§4-1
|
Vrak m.v. som kan forårsake fare eller skade
|
|
|
§4-2
|
Sikring av fartøy og gjenstandar
|
|
|
§4-3
|
Bruk av offentlege arealer til plasering av fartøy m.m.
|
|
|
§4-4
|
Overlasta fartøy
|
|
|
§4-5
|
Plassering av flytande arbeidsredskap m.m.
|
|
|
§4-6
|
Isbryting
|
|
|
§4-7
|
Dykkerarbeid m.m.
|
|
|
§4-8
|
Bruk av eksplosive varer
|
|
|
KAP.V - SUPPLERANDE BESTEMMELSAR
|
||
|
§5-1
|
Ferje- og fløttmannstrafikk
|
|
|
§5-2
|
Registrering av slepebåtar, lektere og lignende
|
|
|
§5-3
|
Løyve til anlegg og innretningar
|
|
|
§5-4
|
Vesentlege hindringar eller ulemper for ferdsel
|
|
|
§5-5
|
Arrangement
|
|
|
§5-6
|
Tagging
|
|
|
§5-7
|
Opplag
|
|
|
KAP. VI - AVSLUTTANDE BESTEMMELSAR
|
||
|
§6-1
|
Overgangsbestemmelsar
|
|
KAP.I HAMNEDISTRIKT OG HAMNEMYNDIGHEITA
§1-1 Virkeområde
Føresegna gjeld for Stranda Hamnevesen KF sitt område, som omfattar alt sjøareal i Stranda Kommune.
Om eit tiltak krev løyve frå statleg myndigheit etter ”Lov om havner og farvann” eller etter føresegner gjeve i medhald av denne lova, er det ikkje naudsynt med løyve etter denne føresegna.
§1-2 Stranda Hamnevesen KF
Stranda Hamnevesen KF står for den kommunale hamnedrifta. Stranda Hamnevesen KF har det daglege tilsyn i hamnedistriketet, og skal sjå til at hamne- og farvasslova i tillegg til føresegner, enkeltvedtak og andre bestemmelsar vedtekne i medhald av denne lova vert følgd.
Under arbeid med å kontrolera og å handheve sine oppgåver skal Stranda Hamnevesen KF sine tjenestemenn bæra uniform i dei tilfeller hamnestyret finn det naudsynt, og ha tjenestebevis. Det skal visast av tjenestemenn som ikkje bær uniform når det forlangast.
§1-3 Vedtak om bruk av sjø- og landområder
Hamnestyret kan setja forbod mot bruk mot bruk av sjø- og landområda i hamnedistriktet
Dersom:
- nyttetrafikken vert hindra
- fartøy sin ferdsel i hamnedistriktet vert vanskeleggjort
- visse bruksområder heilt eller delvis utelukkar kvarandre’
- hamneaktiviteten på land vert hindra
- vedtekne planar for bruken gjer dette naudsynt
- bruken kan vere til fare eller skade
Avgrensningane skal ikkje vera større eller vare lengre enn det som er naudsynt.
I kurrante tilfeller kan Stranda Hamnevesen KF leggja ned forbod eller setja vilkår som nemnt i føregåande ledd. Det samme gjeld når det ikkje er tid til å kalla saman hamnestyret før eit naudsynt vedtak vert gjort.
§1-4 Vilkår
Til eit kvart løyve etter føresegna her kan Stranda Hamnevesen KF fastsetja vilkår.
§1-5 Unntak
Hamnestyret og Stranda Hamnevesen KF kan i særlege tilfelle gjera unntak frå føresegna.
§1-6 Delegasjon
Hamnestyret kan gje utfyllande bestemmelsar til føresegna.
§1-7 Kontroll av tryggleiken
Hamnestyret eller Stranda Hamnevesen KF kan iverksetje undersøkingar av personar og gods som oppheld seg i hamnedistriktet når omsyn til tryggleiken i skipsfarten krev det. Dette
reduserer ikkje det ansvar reiaren har etter sjøfartslovgivinga.
Stranda Hamnevesen KF har ansvar for å fylje påbod og retningslinjer etter ISPS-systemet.
§1-8 Straff
Brot på føresegna her vert straffa med bøter etter ”havne- og farvannslovens” §28.
KAP: II FORTØYNING, OPPHALD I HAMNA M.M.
§2-1 Fortøyning, oppankring m.v.
Stranda Hamnevesen KF kan avgjera om, kvar og på kva måte eit fartøy kan fortøye ved kommuna sine anlegg. Fortøyinga må ikkje skje i bærande konstruksjonsdel på kai, bygning eller annan innretning. Når det gjeld oppankring i Geirangerfjorden øst for E 007*10, skal ”Foreskrift om tilvisning av plass til oppankring”( gjeldande frå 01/01/05 ), utarbeidd av Kystverket, følgjast. Ankerplanar er utarbeidd av Kystverket, då i samråd med Stranda Hamnevesen KF. Ankerplanar skal følgjast så langt det er råd og endringar kan kun utførast dersom dette er godkjendt av Kystverket og hamnesjef. Vidare skal alle involverte partar informerast.
Stranda Hamnevesen KF kan påleggje bruk av fortøyningsassistanse ved anløp til kommunale anlegg.
Fortøyingar, varp eller spring, må ikkje utan løyve plasserast i eller setjast ut over farled, eller stenge tilkomst til kaier, areal eller på anna måte hindre ferdsel.
§2-2 Karantene
Fartøy som går i utenriksfart eller kjem frå områder med smittsame sjukdomar, skal straks etter fortøying ved kai ta naudsynte forholdsreglar for å hindre at skadedyr kjem i land, etter Stranda Hamnevesen KF sine nærmare avgjersler.
Fartøy som kjem til hamnedistriktet med karanteneflagg eller som vert beordra karantene, skal ankre på anvist ankerplass der fartøyet vert liggande inntil ordre vert gitt, eller løyve til å gå til annan ankrings- eller fortøyingsplass.
Tilvisning av eller ordre eller løyve til å gå til annan ankerplass eller fortøyingsplass vert gjeven av kommunelegen gjennom Stranda Hamnevesen KF.
§2-3 Flytting av fartøy
Stranda Hamnevesen KF kan avgjere at eit fartøy skal flyttast eller fjernast, dersom omsynet til trafikkforhold eller hamna si drift gjer dette naudsynt, eller det er fare for skade.
Fartøy med største lengde på over 20 m skal alltid ha tilgjengeleg nok mannskap for å kunne utføre Stranda Hamnevesen KF sitt pålegg etter første ledd med mindre
Stranda Hamnevesen KF avgjerer noko anna. Stranda Hamnedistrikt KF kan avgjera at dette også skal gjelde mindre fartøy.
§2-4 Taubåtassistanse
Stranda Hamnevesen KF kan påleggje eit fartøy bruk av taubåt dersom dette er naudsynt på grunn av tryggleiken eller av omsyn til anna ferdsel elles.
§2-5 Bruk av propell og maskineri
Fartøy skal ikkje under opphald ved kai, bruke propell, her under sidepropell, før umiddelbart før avgang. Under manøvrering til eller frå kai, skal det visast varsemd slik at propellvatn ikkje fører til skade på andre fartøy eller hamneanlegg. Det samme gjelder andre framdrifts- og manøvreringsmidlar.
Hjelpemaskineri som forstyrrar arbeidsforhold og omgjevnaden kan Stranda Hamnevesen KF påleggja stoppa.
Under opphald ved kai er bruk av framdriftsmaskineri som forstyrrar omgivnadane forbode.
§2-6 Dekking av utløpsopningar.
Under opphald ved kai skal fartøy forsvarleg stengja av utløpsopningar som vende mot kaia eller mot andre fartøy i den utstrekning det er naudsynt for at spillvatn, damp eller liknande ikkje skal vere sjenerande eller volde fare.
§2-7 Røykutvikling
Fartøy i hamna skal ikkje forårsake sot eller røykutvikling som kan vere til unødig sjenanse eller medføre skade.
§2-8 Støyande arbeid o.l.
Stranda Hamnevesen KF kan forby rustbanking eller anna støyande arbeid på fartøy i hamnedistriktet.
KAP. III BRUK AV KOMMUNEN SITT HAMNEAREAL OG HAMNEANLEGG.
§3-1 (Virkeområde med definisjon)
Avgjerslene i dette kapittelet gjeld hamneareal og hamneanlegg som er eigd eller disponert av kommunen eller av selskap og samansluttningar der kommunen eig 50 % eller meir, her nemd kommunen sine hamneareal og hamneanlegg. Sam hamneareal og hamneanlegg vert rekna ein kvar bygning, innretning eller land- og sjøareal som brukast til hamneformål.
§3-2 Tilgjenge til kommunen sine hamneareal og hamneanlegg
Stranda Hamnevesen KF kan avgrense eller forby tilgjenge til kommunen sine hamneareal og hamneanlegg.
§3-3 Bruk av kommunen sine hamneareal og hamneanlegg
Alle må rette seg etter dei avgjersler og pålegg som Stranda Hamnevesen KF gjev i samband med bruken av kommunen sine hamneanlegg og hamneareal.
Kommunen sine hamneareal og hamneanlegg må ikkje utan om Stranda Hamnevesen KF sitt løyve brukast til aktivitetar som fell utanom hamna sine normale aktivitetar.
§3-4 Handel, fabrikkdrift , lagring o.l.
Kommunen sine hamneareal og hamneanlegg må ikkje utan løyve frå Stranda Hamnevesen KF brukast til handel, produksjon, auksjonar, omsetjingsverksemd, lagring av varer o.l.
Like eins må ikkje kommunen sine hamneareal brukast til friluftsarrangement o.l. som tek opp stor plass, eller medfører sammenstimling av menneske, utan løyve frå
Stranda Hamnevesen KF.
§3-5 Lossing, lasting og transport
Lossing, lasting og transport må skje forsvarleg slik at kommunen sine hamneareal og hamneanlegg ikkje vert påført skader. Varer må ikkje slepast på kai utan bruk av rullar eller traller og heller ikkje styrast frå køyretøy, eller fartøy utan forsvarleg underlag.
§3-6 Tungt verktøy for handtering av gods.
Ved bruk av tungt verktøy for handtering av gods må last grensene for arealet eller anlegget ikkje overskridast.
§3-7 Frist for å utføra av laste- og lossearbeid.
Stranda Hamnevesen KF kan fastsetje ein rimeleg frist for når lossing eller lasting skal vere ferdig utført.
§3-8 Lagring av losse- og lastemateriell.
Losse-, laste og transportmateriell skal etter bruk fjernast eller setjast vekk på den staden som er tilvist av Stranda Hamnevesen KF.
§3-9 Oppbevaring av varer o.l.
Ingenting skal leggjast opp på kommunen sine kaier, lager eller areal utan Stranda Hamnevesen KF sitt løyve. Varer som vert tillate oppbevart, skal oppta minst mogeleg areal. Desse må ikkje kome nærare kaikanten enn 1 m og nærare kran eller jernbanespor enn 1,4 m.
Tilkomst til lager, fartøy, innretningar til fortøyning, innretningar som er til for tryggleiken eller landingstrapper, må ikkje vere sperra.
Varer o.l. skal fjernast snarast råd etter avslutta lossing og seinast innan 48 timar, dersom Stranda Hamnevesen KF ikkje har tillate oppevaring over lengre tid.
Stranda Hamnevesen KF kan flytte varene for eigaren si rekning og risiko, når forholda gjer det naudsynt.
Kommunen pliktar ikkje å gjerda inn eller føre tilsyn med opplagte varer på sine kaier, lager eller areal.
§3-10 Ut- eller ompakking av varer.
Utpakking eller ompakking , bearbeiding o.l. som forurensar eller er til hinder for ferdsel eller arbeidet i hamna, er ikkje tillate på kommunen sitt hamneareal og hamneanlegg utan løyve frå Stranda Hamnevesen KF.
§3-11 Fjerning av avfall.
Den som har nytta hamneareal eller hamneanlegg til lossing eller lasting, har plikt til å fjerne avfall, embalasje, restar av last o.l. så snart som råd etter at lossing eller lasting er avslutta og seinast innan arbeidstidas slutt eller den tid som Stranda Hamnevesen KF avgjer. Avfall m.v. må kun bringast til tilvist stad.
§3-12 Fjerning av køyretøy.
Køyretøy som er parkert i strid med parkeringsforbod eller på ein slik måte at det er til ulempe for hamneverksemda, kan fjernast av Stranda Hamnevesen KF på eigaren sin rekning og risiko.
§3-13 Varsel om skade.
Den som har årsaka skade på kommunen sitt hamneareal, hamneanlegg eller innretning, pliktar snarast rå å melde dette til Stranda Hamnevesen KF.
KAP. IV YMSE BESTEMMELSAR.
§4-1 Vrak m.v. som kan vere årsak til fare eller skade.
Vrak, søkkeferdig fartøy eller gjennstander som kan volde fare eller skade, må ikkje førast inn i hamnedistriktet utan etter løyve frå Stranda Hamnevesen KF.
§4-2 Sikring av fartøy og gjennstander.
Fartøy og gjenstander må sikrast slik at dei ikkje kan koma i drift eller på annan måte årsaka fare eller skade. Dersom fare eller skade likevel skulle oppstå, pliktar eigaren eller den ansvarlege straks å setja i verk naudsynte tiltak for å hindra eller avgrense faren eller skaden.
§4-3 Bruk av offentlege arealer til plassering av fartøy m.m.
Utan løyve frå hamneadministasjonen må fartøy eller ting ikkje plasserast på kommunale hamneanlegg og hamneareal. Det samme gjeld for plassering på andre kommunale og off. areal med mindre plassering er kortvarig.
§4-4 Overlasta fartøy.
Stranda Hamnevesen KF kan nekte overlasta eller ikkje sjødyktig fartøy å forlate kai eller fortøyning, og beordre slike fartøy til næraste land eller kai.
§4-5 Plassering av flytande arbeidsreiskap m.m.
Ved plassering av mudderapparat, dukkar- og arbeidsprammar, flåtar o.l., eller kor det går føre seg anleggsarbeid i og ved sjøen, skal det visast særleg aktsemd. Passerande må om naudsynt
halda seg godt unna og redusere farten til minste styrefart slik at det ikkje oppstår bøljeslag eller annan fare for skade.
§4-6 Isbryting.
Utanfor dei alminnelege brukte skipsleiene, må ingen bryta råk eller laga opning i isen som kan føre til fare eller ulempe, utan at det er innhenta løyve frå Stranda Hamnevesen KF.
Stranda Hamnevesen KF avgjer kva som kan reknast som alminneleg nytta skipslei.
§4-7 Dykkararbeid m.m.
Dykkararbeid skal ikkje finna stad utan løyve frå Stranda Hamnevesen KF.
Dykkararbeid skal markerast med internasjonalt signalflagg ”A” eller med tilsvarande merka skjerm. Om natta skal markeringa vere opplyst.
Avgjersla gjeld ikkje der dukking er av omsyn til tryggleik eller for å berga verdiar og må skje før løyve er gjeve.
I slike tilfeller skal det snarast råd skje merking som nemd i denne avgjersla sitt andre ledd, og gjevast melding til Stranda Hamnevesen KF om dykkinga.
§4-8 Bruk av eksplosive varer.
Eksplosive varer skal ikkje nyttast før det er gjeve løyve frå hamneadministasjonen.
KAP. V SUPPLERANDE BESTEMMELSAR
§5-1 Ferje- og fløttmannstrafikk.
Innan hamnedistriktet skal ingen driva ervervsmessig ferje-, fløttmannstrafikk eller rutetrafikk utan hamnestyret sitt løyve. Avgjersla her gjeld ikkje når det krevst løyve frå anna myndigheit.
§5-2 Registrering av slepebåter, lektere o.l.
Den som disponerer losjiskip, lekter, slepebåtar, vannbåtar, bunkersbåtar, verkstadbåtar eller produksjonsfartøy som berre skal nyttast innanfor hamnedistriktet skal, innan utgangen av januar kvart år, melde frå til Stranda Hamnevesen KF for registrering og gje dei opplysningar Stranda Hamnevesen KF ber om. Fartøy av denne art som vert teken i bruk innan hamnedistriktet i løpet av året, skal innan 8 dagar etter at det er teke i bruk meldast til Stranda Hamnevesen KF.
Dersom fartøy nemd i føregåande ledd ikkje er påført registreringsnummer, kan det tildelast eit nummer av Stranda Hamnevesen KF som også avgjer korleis nummeret skal påførast fartøyet.
Det registeret som Stranda Hamnevesen KF fører etter denne avgjersla skal vere offentleg.
§5-3 Løyve til anlegg og innretningar.
I hamnedistriktet må ingen legge ut faste eller flytande anlegg eller innretningar slik som f. Eks flåter, kiosk, husbåtar, losjiskip, fortøyingsinnretningar, merker, bøyer o.l. utan etter løyve frå Stranda Hamnevesen KF. Dersom tiltaket er kortvarig og åpenbart ikkje vil vere til ulempe for ferdsel eller andre brukarar av området, vert det ikkje krevd slikt løyve.
§5-4 Vesentlege hindringar eller ulemper for ferdselen.
Når bruk av farvatn kan skape vesentlege hindringar eller ulemper for den alminnelege ferdsel, skal det gjevast melding til Stranda Hamnevesen KF om bruken seinast 24 timar før det vert sett i verk.
Stranda Hamnevesen KF kan krevje at bruken ikkje må skje utan løyve.
§5-5 Arrangement.
Arrangør eller ansvarleg for regattaer, båtstemne, fritidsbåtsamlingar eller andre arrangement som kan vere til ulempe for nyttetrafikken, skal om mogeleg, og seinast 24 timar før arrangementet tek, til gje melding til Stranda Hamnevesen KF.
Stranda Hamnevesen KF kan krevje at arrangement ikkje må skje utan løyve.
§5-6 Tagging.
Det er forbod mot tagging eller maling av skipsnavn m.m. på fjellsida langs fjorden
§5-7 Opplag.
Fartøy med størst lengde over 20 meter, og som skal liggja i opplag i over ein månad, skal meldast til Stranda Hamnevesen KF, som kan krevje at opplag ikkje kan skje utan løyve.
Stranda Hamnevesen KF kan forlange eit fartøy i opplag flytta eller fjerna.
Denne føresegna gjeld ikkje for fartøy som omfattast av statlege føresegner om opplag.
KAP. VI AVSLUTTANDE BESTEMMELSAR
§6-1 Overgangsbestemmelsar.
Tiltak som krevst løyve til etter desse føresegnene, og som allereie var gjort utan løyve etter tidlegare gjeldande lovgjeving og føresegner, kan krevjast omgjort med 3 månaders varsel.
Dersom det ikkje er råd å varsla eigaren av anlegget eller innretning, kan desse fjernast utan varsel.